Hopp over navigasjonskoblingerFørdehuset > Førdehuset
Førdehuset på Facebook

Førdehuset
on Facebook

 

 

Førdehuset er regionalt kulturhus og arena for kultur og idrett i Sunnfjord. Fleire bedrifter og institusjonar held også til i Førdehuset . Om Førdehuset

Farvel til dei gamle kinostolane

Storsalen er no stengt og arbeidet med total renovering av salen startar.  Vi gledar oss til å kunne presentere ein ny og betre kinosal, men beklager dei ulempene dette fører til i byggeperioden.

 

I tida framover kan du berre sjå film i lisjesalen. Vi vil prøve å tilby eit breitt filmrepertoar slik at flest mogeleg finn ein film dei har lyst til å sjå.  

MERK at det no kan vere lurt å kjøpe billettar på førehand.

Eit forventningsfullt publikum på iskremfest

Det var ein spent arrangør som laurdag 28. august tok i mot 120 barn til avslutningsfest for lesekonkurransen SommarLes på Førde bibliotek. Ville det bli plass til alle? Ville det vere nok is? Ordføraren var invitert til å dele ut hovudpremien, men ville han kome? Spørsmåla var mange, men uroa viste seg å vere ubegrunna. Det vart plass til alle. Det vart nok is. Og, ikkje minst, Ordføraren kom!! SommarLes har vore ein suksess frå start til slutt.

 

09 - La Nana

"La Nana" er forteljinga om Raquel som har jobba som hushjelp hjå familien Valdes i 23 år. Ho gjev tilværet meining gjennom ungane som ikkje er hennar, i eit ynskje om å vere ein del av familien, ikkje berre høyre til. 

Catalina Saavedra har hausta ros og prisar for tolkinga av Raquel.

Kulturprogram for månaden

Kulturarrangement i Førdehuset denne månaden finn du her. Filmar på Kino Førde, arrangement, utstillingar og info. frå Førde bibliotek. Oppdatering av programmet skjer fleire gonger i månaden.

Kulturprogram for Førdehuset . Følg lenka for å lese siste utgåva av kulturprogrammet i pdf-format. Du kan også bla deg gjennom Kulturprogrammet for Førdehuset - klikk les meir.

Toy Story 3

Skaparane av dei kjære Toy Story-filmane opnar leikekassa igjen og tek oss attende til den nydelege verda med favorittane av leikefigurar i Toy Story 3.

Filmen har norsk tale.

 

Filmen har Noregspremiere på Kino Førde fredag 27. august.

Trollmannens læregutt

Walt Disney Studios presenterer eit nyskapande og episk action-eventyr. Ein trollmann og den uheldige læreguten hans vert fletta inn i sentrum av ein eldgammal kamp mellom godt og vondt.

09 - Inception

Cobb sine evner har gjort han ettertrakta i denne makelause verda av industrispionasje, men den har òg gjort han til ein internasjonal rømling og kosta han alt han har kjært.

 

Med: Leonardo DiCaprio, Ken Watanabe, Joseph Gordon-Levitt, Marion Cotillard, Ellen Page i regi av Christopher Nolan.

Trond Espen Seim og Nikolaj Lie Kaas

Ein heilt ny Varg Veum-film frå Uro-regissør Stefan Faldbakken. Med Trond Espen Seim som framleis er Varg Veum, saman med m.a. Lene Nystrøm.

 

Filmen vert vist for siste gong sundag 12. september.

Gjør din bolig bedre

10. - 12. september vert det stor bustadmesse i Førdehuset. Det er to år sidan "Gjør din bolig bedre" var i Førde sist. Mange besøkande fekk då inspirasjon og tips om hus, hage, interiør m.m. Dersom bedrifta di vil vere blant utstillarane i haust, ta kontakt med Tore Dammyr tlf. 952 22 913.

 

 

sol.jpg

Sommaren er ei fin tid for lesing.

I år arrangerer Førde bibliotek sin første Sommarles-aksjon, der du som er mellom 6 og 13 år kan delta!
Les minst 5 bøker (totalt 200 sider) og ver med i trekninga av små og store premiar Blant premiane er kinobillettar, gåvekort på cd'ar, dvd og bøker.  Hovudpremien er ein iPod nano.

Kinoprogrammet på iPhone - oversiktsliste

Lurer du på kva filmar som går på kino for tida? Filmane som står på programmet til Kino Førde får du som gratis applikasjon (app) til iPhone eller til mobiltelefon. I tillegg til å sjekke kinoprogrammet der du er, kan du også lese filmomtalar, sjå trailerar og sjekke kva kritikk og meldingar kinoaktuelle filmar har fått. Du kan og kjøpe kinobillettar med mobil/iPhone. Kinoprogrammet er også på Filmweb.no i tillegg til her på våre eigne nettsider. Les meir for å finne ut korleis...

Førde stadion

Oversikt over arrangement, stemner og kampar på Førde stadion inkl kunstgrasbane. Lista vert jamnleg oppdatert, minimum ein gong i veka. * NB ! Endra kampdato

e-Billett

Kjøp eBillett på Internett. Du legg kinofilmen, konserten eller teaterframsyninga i handlekorga og betaler med kredittkort. Så skriv du ut billetten heime. Du treng ikkje vise billetten i resepsjonen i Førdehuset, kom direkte i døra for vi scanner billetten din der. Rabatt på Firdakortet får du kun ved direkte kjøp i billettluka.

 

Vi tilbyr også eGåvekort - ei flott gåve å gje heile året.

I Førdehuset har vi trådlaust nettverk som du kan kople deg til. Nettet er tilgjengeleg i vrimlearealet og det du treng er pc'en din og mobiltelefonen for å få kjøpt tilgang og for å få passord tilsendt på SMS.

Tilbake
Kino- og kulturprogram for Førdehuset

I kulturprogrammet finn du kinoprogram, konsertar, teater, utstillingar, andre kulturarrangement og anna informasjon frå Førdehuset, Kino Førde, Førde bibliotek, idrettshallen, symjehallen og Førde stadion

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF
Kontaktinformasjon
_
_
Kultur
Førdehuset, Angedalsvegen 5
Postboks 338
6802  Førde
 
E-post : kultur@forde.kommune.no
 
 
Telefon : 57 72 19 00
Faks : 57 72 19 09
Org.nr. : NO 963923511 mva
Mva.nr. : NO 963923511 mva
Kontonr. : 3700 07 00720
Kommunenr. : 1432
_
Opningstid : Opningstider - Førdehuset: Mån - fre: 08.00 - 21.00, laurdag: 09.00 - 18.00, søndag: 12.30 - 21.00. Symjehallen og biblioteket har eigne opningstider
Førde kommune - Kultur, postboks 338, 6802 Førde. Besøksadresse: Førdehuset, Angedalsvegen 5 kultur@forde.kommune.no