Skip Navigation LinksFørdehuset > Førdehuset

Førdehuset på Facebook

Førdehuset
on Facebook

Tre tenåringsgutar oppdagar noko utruleg som fører til at dei alle utviklar umenneskelege krefter. Etter kvart som dei lærer å kontrollere kreftene og bruke til dei til sin eigen fordel, byrjar livet å spinne ut av kontroll og dei mørkaste sidene byrjar å ta over..


Noregspremiere fredag 3. februar

Regi: Steven Spielberg Med: Jeremy Irvine, Emily Watson, David Thewlis, Tom Hiddleston, Benedict Cumberbatch.

Banda mellom unge Albert og hesten Joey blir brotne når Joey blir seld til kavaleriet og sendt til skyttargravene under første verdskrigen. Sjølv om han er for ung til å verve seg, set Albert kurs mot Frankrike for å redde venen sin.


Noregspremiere fredag 3. februar

Brettspel

Har du lyst å vri hjernecellene, teste reaksjonsevna, ha det sosialt eller berre få eit avbrekk frå tv og dataskjermen? Ta ein tur på biblioteket laurdag 28.jan. kl 12-15.

02 - La Boheme

4 februar vil det for første gong vere mogeleg  å oppleve ei live-overføring på kino frå Operaen i Bjørvika.  Den Norske Opera & Ballett har La Boheme på plakaten. Puccinis udødelege meisterverk, i Stefan Herheim sin regi, er desidert eit av høgdepunkta denne sesongen.

Laurdag 4. februar kl. 17.50 startar overføring til Kino Førde
01 - VV A
Trond Espen Seim spelar igjen Varg Veum, i ein krim regissert av Erik Richter Strand. På rollelista finn vi òg Bjørn Floberg, Lene Nystrøm, Jørgen Langhelle m.fl.

Fredag 20. januar hadde denne siste Varg Veum – filmen Noregspremiere over heile landet

Alt komande helg er det før-premiere på Kino Førde. «Pus med støvler» er ein film vi har sett fram til lenge og no vert en vist i 3D, og med norske stemmer. Regi: Chris Miller.

01 - Mission Impossible

Vinterens største actionhending står for døra når Tom Cruise er tilbake i rolla som spesialagenten Ethan Hunt i Mission: Impossible - Ghost Protocol. Fredag 27. januar har filmen Noregspremiere på Kino Førde, og dette er verkeleg ein actionfilm å få med seg.

Brad Bird, som har vunne Oscar to gonger, har regissert filmen, og i andre sentrale roller finn vi skodespelarar av internasjonal klasse; Jeremy Renner, Simon Pegg, Paula Patton, Josh Holloway, Ving Rhames, Léa Seydoux, Tom Wilkinson og svernske Michael Nyqvist.

Christine Koht
 Etter stor suksess og stormande jubel i Oslo har Christine Koht turnert rundt omkring i Norge dei siste to åra med showet Koht på scenen. Fredag 20. april kl 19.30 kjem Christine til Førdehuset og der får alle Sunnfjordingar eit unikt høve til å oppleve eit show med høgt tempo og stor inspirasjonsevne!

 

Koht på scenen er en fartsfylt, energisk og ikkje minst hylande morosam framsyning med vill standup-komikk, kvinnevarme frå eit medmenneske – samt ei grunnpakke i ros.

Turid Karlsen
 Opera Nordfjord kjem til Førde den laurdag 14. april. Med seg har dei 2 solistar av internasjonal klasse, Turid Karlsen, sopran og Trond Halstein Moe, baryton

 

Repertoaret er krevjande, musikken til Richard Strauss og Richard Wagner er like vanskeleg å framføre som den er vakker, men som kunstnarisk leiar Michael Pavelich uttrykker det:

- Opera Nordfjord sitt orkester er absolutt klar for dei store oppgåvene i operalitteraturen. Dette er fantastisk musikk, og her kan publikum lene seg tilbake og nyte musikk frå den høgromantiske periode, musikk når den er som aller best.

01 - The Darkest Hour

Timur Bekmamentow ("Day watch", "Night Watch", "Wanted) står bak denne spanande thrilleren med Emile Hirsch ("Milk", "Into the wild") og Olivia Thirlby ("Juno") som no vert vist på Kino Førde.

Eli Kari Gjengedal

Eli Kari Gjengedal, akvaingeniør og kjend vêrdame frå TV2 held foredrag om Vêr og vêrteikn.

16.februar kl 19.30. Billettpris kr 75,-

UKM bilde

No er det på tide å melde seg på til UKM 2012!

Gå inn på www.ukm.no og klikk deg inn på Sogn og Fjordane og Førde.

Påmeldingsfristen er 20. februar.

Lokalmønstringa i Førde er laurdag 3. mars kl 16.00.

01 - Nader og Simin

Eit intenst mellommenneskeleg  drama om små løgner som får store konsekvensar. Filmen vann Gullbjørnen på filmfestivalen i Berlin, 2011 og er blitt ein kinosuksess over heile verda. Nyleg vann den òg Golden Globe for beste framanspråklege film.

01 - Arriettas hemmelige verden
Gå ikkje glipp av Arriettas hemmelige verden; ein film som både i form og innhald føyer seg fint inn i rekkja av Studio Ghibli - produksjonar.  Frå sundag 22. januar kan du sjå denne flotte animasjonsfilmen på Kino Førde.
Ping Pong 2
 

Knallhard smash fra Jo Strømgren!

A Dance Tribute to Ping Pong er den ultimata oppfylgjar til A Dance Tribute to the Art of Football, den største eksportartikkelen som norsk dans nokonsinne har hatt.

Fascinasjonen for estetikken, galskapen og den breie appellen i sport er like sterk som for 15 år sida. Denne gangen har kompaniet laget en ballett om ei sportsgren alle kjenner, men mange gløymer.


Storsalen, Førdehuset torsdag 2. februar kl 20.00
Billettar: Førdehuset/Servicetorget 5772 1900
E-billett: www.forde.kommune.no
Ping Pong
 

No kan du sette saman din eigen abonnent pakke på Førdehuset!

 

Vel blant Bergen Filharmoniske Orkester sin konsert, Riksteatret sine 4 framsyningar, Opera Nordfjord sin operagalla, konsert med Gisle Børge Styve & Heine Totland eller standup med Christina Koht.

 

Om du vel 2 eller fleire arrangement og kjøper billettar til heile pakken samtidig på Førdehuset eller Servicetorget får du ein bra rabatt. Rabatten varierer mellom kr 30,- og 100,- per billett for fullprisbillettar.

 

Du kan lage pakkar med billettar til 2 framsyningar, men hugs at rabatten aukar for kvart arrangement du "puttar i pakken".

01 - My week with Marilyn A
Michelle Williams i sitt livs rolle som ikonet og sexsymbolet Marilyn Monroe. Alt frå sundag 15. jan. kan du sjå filmen på Kino Førde.

Michelle Williams portretterer Monroe tilnærma perfekt. Fakter, toneleie og utsjånad er gjort med ein slik presisjon at det ikkje kjem overraskande at ho er ein av Oscar-kandidatane i 2012. Elles møter vi Kenneth Branagh i rolla som regissør Sir Laurence Olivier medan Eddie Redmayne spelar assistenten Colin Clark. I andre roller ser vi Emma Watson, Judi Dench og Dominic Cooper. Simon Curtis har regissert filmen.
01 - Løvenes Konge

Bli med på livets uendelege sirkel - Sjå Disneys Løvenes Konge for første gong på kino i 3D! Det vert òg sett opp enkelte framsyningar i vanleg 2D.

Det er ein stor dag i løvene sitt rike når løveungen Simba blir fødd. Ein dag er det han som skal overta kongetrona etter far sin Mufasa! Dette er til stor glede for alle utanom Scar, Mufasa sin slemme bror, som sjølv ønskjer å overta trona.

Ping Pong
 

Det er eit svært spanande program som Riksteatret presenterar i Førde våren 2012. Alle framsyningane til Rikskonsertane vert ein del av Førdehuset sitt nye abonnementsprogram.

Dermed er det høve til å få ein bra rabatt ved kjøp av billettar til 2 eller fleire arrangement på same tid.

 

Les meir om Riksteatret sine fire framsyningar i Førdehuset i vår:

 

Førde stadion

Oversikt over arrangement, stemner og kampar på Førde stadion inkl kunstgrasbane. Lista vert jamnleg oppdatert, minimum ein gong i veka. * NB ! Endra kampdato

e-Billett

Kjøp eBillett på Internett. Du legg kinofilmen, konserten eller teaterframsyninga i handlekorga og betaler med kredittkort. Så skriv du ut billetten heime. Du treng ikkje vise billetten i resepsjonen i Førdehuset, kom direkte i døra for vi scanner billetten din der. Rabatt på Firdakortet får du kun ved direkte kjøp i billettluka.

 

Vi tilbyr også eGåvekort - ei flott gåve å gje heile året.

I Førdehuset har vi trådlaust nettverk som du kan kople deg til. Nettet er tilgjengeleg i vrimlearealet og det du treng er pc'en din og mobiltelefonen for å få kjøpt tilgang og for å få passord tilsendt på SMS.

Kino- og kulturprogram for Førdehuset

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF

Kontaktinformasjon

Kultur Førdehuset, Angedalsvegen 5 Postboks 338
6802 Førde
E-post : kultur@forde.kommune.no
Telefon
: 57 72 19 00

Org.nr.
: NO 963923511 mva
Mva.nr.
: NO 963923511 mva
Kontonr.
: 3700 07 00720
Kommunenr.
: 1432
Opningstid
: Opningstider - Førdehuset: Mån - fre: 08.00 - 21.00, laurdag: 09.00 - 18.00, søndag: 12.30 - 21.00. Symjehallen og biblioteket har eigne opningstider
Førde kommune - Kultur, postboks 338, 6802 Førde. Besøksadresse: Førdehuset, Angedalsvegen 5 kultur@forde.kommune.no