Skip Navigation LinksFramside > Om Førde > Internasjonalt samarbeid

Internasjonalt samarbeid

24. januar 2008 vart Førde kommune utropt til Internasjonal Kommune av Fredskorpset og kommuneorganisasjonen KS. Heidersnemninga vert tildelt kommunar som har eit stort engasjement for internasjonale spørsmål og som aktivt inkluderer flyktningar og asylsøkjarar.

Hedersbetegnelse Internasjonal kommune
  • Førde Internasjonale Folkemusikkfestival

    Førde har sidan 1990 arrangert Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. Førdefestivalen vert arrangert kvart år i første halvdel av juli. Den er det største fleirkulturelle musikkarrangementet i Norge. 

    Førdefestivalen tilbyr eit variert program med konsertar, kurs, utstillingar, barneaktivitetar og turar. Kulturhuset Førdehuset er hovudarena for dei mange konsertane. 

    Festivalen presenterer etnisk musikk frå heile verda. I 2008 deltok 330 musikarar frå 41 land.

 

  • Førde Norsksenter
    Førde Norsksenter er kommunen sitt tilbud til framandspråkelege i Sunnfjord.

 

  • MIC - samarbeid
    Førde kommune har sidan 2006 hatt eit kommunesamarbeid (Municipal International Cooperation - MIC) med Ntchisi District Assembly i Malawi. Denne typen kommunesamarbeid er koordinert av KS (Kommunenes Sentralforbund) med støtte frå NORAD. Samarbeidet har ei budsjettramme på ca 400.000 kr kvart år. Førde er ein av fire kommunar i Sogn og Fjordane som har etablert denne typen samarbeid. I tillegg har Eid, Jølster og Flora inngått partnerskapsavtalar med ulike distrikt i Malawi og Zambia. Kontaktperson: Asbjørn Fjose

 

  • Vennskapskommunar
    Førde har vennskapsavtale med La Crosse i Wisconsin, USA. La Crosse har ca 50.000 innbyggjarar. Dei er svært aktive i internasjonalt arbeid, og har i tillegg til Førde vennskapsbyar i Kina, Russland, Frankrike, Tyskland og Irland.

    Mottoet for vennskapsarbeidet er vennskap og læring. Innafor dette mottoet vert det arbeidd med besøk mellom dei to byane, enten i form av grupper og delegasjonar, eller einskildpersonar som besøkjer den andre byen. Eit anna tiltak er yrkesutveksling. Dette skjer kvart år, begge vegar. 4 til 7 personar reiser til vennskapsbyane kvart år på yrkesutveksling.

    I begge byane forsøkjer ein også å markere vennskapen på andre måtar: Som tema i skulen, temautstilling på bibliotek, og ikkje minst vert det spanande å sjå resultatet av den norske, Førdeavdelinga i La Crosse sin internasjonale hage. Dette er eit stort parkområde ved Missisippi, der fleire av dei andre vennskapsbyane har fått sine avdelingar.

    Samarbeidet vert organisert av ein samarbeidskomite der Tom Farsund for tida er leiar.

    Førde har også eit vennskapssamarbeid med Kent i Washington, USA. Dette samarbeidet er organisert saman med kommunane Naustdal, Jølster og Gaular. Også her er ulike former for utveksling viktige. Sidan sommaren 2007 har Kent og Indre Sunnfjord utveksla såkalt ungdomsambassadørar. Det vert også gjennomført gjensidige delegasjonsbesøk ein gang i kvar valperiode. Såleis fekk Kent besøk frå Sunnfjord både hausten 2006 og 2010, mens vi hadde siste besøk frå Kent sommaren 2008. Neste besøk ventar vi hausten 2012. Leiar av komiteen er for tida Erik Torp Nilssen.

 

  • Bergum mottakssenter
    I Førde ligg Bergum mottakssenter for flyktningar og asylsøkjarar. Mottaket har 90 faste plasser og 50 variable plasser og har bebuarar frå 23 ulike nasjonar og etniske grupper.

 
Publisert av Østenstad, Ole John. Sist endra 08.09.2011
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF
Førde Kommune, postboks 338, Hafstadv. 21, 6802 Førde. Tlf: 57 72 20 00. Fax: 57 72 20 10 postmottak@forde.kommune.no