Skip Navigation LinksFørdehuset > Førde bibliotek

Kva skjer i Førde?

juli 2014
tyontofrla
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123
45678910
Komande hendingar

Førde bibliotek - telefon 57 72 19 10

Besøksadresse: Førdehuset, Angedalsvegen 5. Velkommen innom!
Kontakt oss: bibliotek@forde.kommune.no


Opningstid Førde bibliotek
Biblioteket tlf. 57 72 19 10
Opningstid Førde bibliotek
DagOpningstid
Sommartid - veke 25 -33
månd, onsd, fred.10.00 - 15.00
tysdag, torsdag10.00 - 18.00
laurdag10.00 - 14.00
søndagstengt
Sist endra 26.06.2012
Sommarles 2010 004.jpg

No er sommaren her, og frå 16.juni - 17.august, veke 25 - 33, vert det sommaropningstid på biblioteket. Vi har mange lesetips til sommarferien og ulike ustillingar som kan gje inspirasjon. Velkomen innom oss i sommar!

 

Opningstida er:

  • Måndag, onsdag, fredag: kl. 10 -15 
  • Tysdag, torsdag: kl. 10 - 18
  • Laurdag: kl. 10 -14
Bokkafe festival 2014 7.jpg

Under Førdefestivalen kan du også i år slappe av i bokkafeen vår. I eit rom ved sidan av biblioteket har vi rigga til ein retro – og litt etnisk oase, med sofa, gode stolar, bøker og aviser. Her kan du slappe av mellom alle konsertane og arrangementa under festivalen! NMS Gjenbruksbutikken i Førde låner oss ein del møblar, og nokre av dei er til sals!

 

Fredag og laurdag kan du få meir nærkontakt med nokre av artistane i bokkafeen, «Møt artisten». Ein programleiar intervjuar/samtalar med artistane og vi får lytte og lære. Fri entré.

 

Vil du sikre deg gamle og nyare «godbitar»? Biblioteket lyt rydde ut av hyllene med jamne mellomrom, og du får sjansen til å kjøpe bøkene svært rimeleg!

 

Sommaren er komen og årets SommarLes-kampanje har starta! Dette er 5. året på rad at  biblioteket inviterer barn mellom 6 og 13 år til ein spennande lesekonkurranse, og i år er det SommarLes med ein ny vri.

 

Bøker til avhenting 2.jpg

 

På biblioteket kan det av og til vere venteliste på populære bøker og anna materiale. Dersom du har reservert ei bok og den vert ledig, får du ei melding frå biblioteket når boka er klar til utlån.

 

Tidlegare har du vist lånekortet til personalet i skranken, og vi har funne fram boka og lånt den ut til deg.

 

No finn du boka på hentetralla ved utlånsautomaten, så utfører du lånet sjølv.

 

På ei tralle ved sidan av utlånsautomaten står alle bøker som skal hentast av lånarane. Du har fått tilsendt eit hentenummer på e-post eller sms som du tek med deg eller noterer. Du finn det også på «mine sider» på utlånsautomaten. Dette hentenummeret står godt synleg i/på boka du skal hente. Bruk lånekortet ditt i utlånsautomaten og registrer boka!

 

Ta alltid med lånekortet ditt på biblioteket!

Vinnarane 1.JPG

 

 Førde bibliotek hadde i 2013 eit utlån på  67.500. Besøkstalet for året var 68.100.

Den lånaren som lånte mest, hadde registrert heile  609 lån.

Skinnvotten.jpg

Bornas Verdsdag er ein internasjonal familiefestival med gratis aktivitetar for folk i alderen 0-100! 

På bibliotektet kan du besøke den spennande eventyrhola vår og høyre eventyret "Skinnvotten", som er eit eventyr frå Ukranina.

Vi har også lånt inn barnebøker på mange ulike språk. Du kan i tillegg prøve brettspel på biblioteket!  

 

Elles kan du vere med på mange spennande aktivitetar; konsertar, verkstadar, dans, song og musikk på Førdehuset! I tillegg kan du kjøpe mat frå alle verdshjørne på kafeen Fargerike Førde, som riggar seg til i Festsalen.

 

Informasjon og program

 

Velkomen alle saman!

IMG_0253.JPG

Ver med på å Brukarundersøkjinga på Førde bibliotek frå 15. november.  Der kan du seie kva du synest om biblioteket.

Vinnarane 1.JPG

Tre heldige vinnarar i "Språktrekonkurransen" fekk utdelt premiar på biblioteket torsdag 07.november.

 

1. premie: Elin Hallset, for ordet "kjærleik"

2. premie: Vilde G. Halbrend, for ordet "snasent"

3.premie: Sigurd Husevåg-Lobben, for ordet "besteven".

 

Førstepremien var 2 fribillettar frå Sogn og Fjordane Teater, til forestillinga "Ein god dag kjem aldri for tidleg". Andre - og tredjepremie var gåvekort frå bokhandelen. I tillegg fekk dei overrekt kvart sitt krus, med alle dei tre vinnarorda på! Vi gratulerer!

 

Språktreet okt. 3.jpg

Over 250 personar har i løpet av året hengt opp «det finaste ordet eg veit», i Språktreet på biblioteket! "Diamant, leike, kul, magi, Justin Bieber (!), Jesus, snill, nydeleg, kverrsette,  hyggeleg, vidunderleg, sytalaust, kjærleik, hjarte, sykkel, mamma, åtgaum, besta - og mange fleire!"

 

Tordag 7. november kl. 17.00 skal vi avsløre kven som er trekt ut i konkurransen. Det vert utstilling med alle dei fine orda som er komne inn og overrekking av premiar til tre heldige vinnarar! 

 

Tiltaket har vore eit ledd i markeringa av Språkåret 2013. Lånarar og andre besøkjande på biblioteket har hengt opp «lauv», der dei har skrive ord på nynorsk, bokmål eller dialekt. No var treet så fullt at vi var nøydde til å ha «lauvfelling»!

depot i hylla.JPG

 

I Depot-hylla har vi akkurat no: Russisk og Somali!
Vi har alltid eit eller fleire depot på ulike språk. Bøkene kjem frå det fleirspråklege bibliotek (Deichman) i Oslo, og står hos oss i 3 mnd. For deg som låner, er lånetida  som vanleg 4 veker.
Helsing frå Sogn og Fjordane

 

Fleire lokale bøker har vore gitt ut i det siste, og vi har kjøpt dei inn. Stort sett kjøper vi to eksemplar av desse, ei til utlån og ei til lokalavdelinga. Det betyr at du alltid kan lese bøkene på biblioteket om utlånseksemplaret er utlånt. Her er tre av dei siste lokale bøkene Førde bibliotek har kjøpt inn.

Lars og Hjørdis 1.JPG

Har du problem med å kome deg på biblioteket sjølv? Årsakene kan vere mange; sjukdom, alder, glatt føre på vinterstid… Førde bibliotek og Førde Røde Kors kan tilby deg bøker levert på døra!

 

Har du spørsmål om tilbodet: ta kontakt med Reidun Koksvik, Førde bibliotek, tlf. 57721910.

 

Tilbodet er gratis!

Rumpemelk fra afrika.jpg

 

Fredag 18.oktober vert det lesestund for dei minste på biblioteket. Vi startar kl.10.30 og det varer ca. 30 min.

Bjørg skal lese ei artig bok av Erlend Loe, «Rumpemelk frå Afrika» .

Boka handlar om vesle Marko som kjedar seg – og tyrst er han også! Han set seg rett og slett på Afrikabussen for å skaffe rumpemelk…


Lesestunda passar best for dei mellom 3-6 år. Velkomne!

 

Vidare utover hausten blir det lesestund laurdag 16. november (Bornas Verdsdag i Førdehuset) og fredag 6. desember.

Bikubesong.jpg

Språket vårt er kroppsfiksert, påstår etymolog Kristin Fridtun med glimt i auge. Ho er med turnebussen til Riksteateret og held kåseri før forestillinga Bikubesong måndag 7.okt. kl 18.00. Forestillinga startar kl. 19.00. Biblioteket har utstilling om språk og om Frode Grytten. Ta turen innom biblioteket mellom kåseri og forestilling!

SommarLes 5.JPG

 

Det var stor stemning då vi arrangerte avslutningsfest SommarLes 2013! I løpet av sommaren har deltakarane lese heile 114 788 sider. Det betyr at kvar av dei som leverte lesekort i snitt har lese 1500 sider. Ordføraren tykte det var imponerande og han var svært glad for å dele ut prisen til dei to mest lesande i konkurransen, Anne Gyldenskog Kilnes og Johannes Skjellerud! Blant alle deltakarane vart det trekt fleire premiar; bøker, lydbøker og badebillettar. Vi gratulerer alle med god innsats!

Boklampe

Kommunalsjef Trond Ueland tende Boklampa og snakka om sine første leseopplevingar.  Publikum kosa seg kaffi og kake og utstilling av gamle Førde-bilete og bibliotekhistorie. Utstillinga blir ståande ut veke 34.

 

IMG_4571-300x200[1].jpg

 

Førde bibliotek tysdag 20. august kl 18.00

Bibliotekstafetten går over heile landet og er ei markering av Norsk bibliotekforening sitt 100- årsjubileum. I Førde vil vi vise ei utstilling av gammalt og nytt i biblioteket si historie. Biblioteklampen som er «stafettpinnen» blir tent av kommunalsjef Trond Ueland.

 

Det blir bursdagskake til alle som kjem innom biblioteket  tysdag kl 18.00.

Bibliotek

Førde bibliotek er i Førdehuset. Biblioteket har ope 6 dagar - 48 timar i veka, og har eit mangfaldig tilbod  for store og små av kunnskap og oppleving. 

Tilbake
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF

På eiga hand

Førde bibliotek

E-post:

Biblioteket spør deg:

Kvifor er du på biblioteket?
 
Alternativ:






Bilete frå biblioteket

Førde bibliotek | Fotograf: Liv Judit Straume
Førde bibliotek
Liv Judit Straume

Dagens gullkorn frå biblioteket

Å vite at ein er uvitande om fakta, er eit viktig steg mot kunnskap.
-Disraeli

Dagens ord

Kontaktinformasjon

Førde bibliotek Førdehuset, Angedalsvegen 5 Postboks 144
6801 Førde
E-post : bibliotek@forde.kommune.no
Telefon
: 57 72 19 10

Org.nr.
: NO 963923511 mva
Kontonr.
: 3700 07 00720
Kommunenr.
: 1432
Opningstid
: Mån.-torsdag: 10 - 19 Fredag: 10 - 17 Laurdag: 10 - 15
Førde kommune -Førde bibliotek, postboks 144, 6801 Førde. Besøksadresse: Førdehuset, Angedalsvegen 5 bibliotek@forde.kommune.no