Skip Navigation LinksFørdehuset > Førdehuset

Kva skjer?

april 2015
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Komande hendingar

Kva skjer i Førde?

Førdehuset på Facebook

Førdehuset
on Facebook

Førdehuset

Publisert av Svein Erik Sorkås. Sist endra 18.11.2013 av Marit Kleiven
Idrettshallen3.jpg

 

Førde kommune legg nytt dekke i idrettshallen, Førdehuset. Dermed vert idrettshallen stengt for all aktivitet frå måndag 20. april til søndag 7. juni.

 

 

03 - Eventyret om Askepott A

Disney sitt tidlause eventyr er vekt til liv igjen. Fredag 13. mars har «Eventyret om Askepott» Noregspremiere på Kino Førde. Alle snakkar norsk, men det vil òg bli sett opp framsyningar av originalversjonen (med norske undertekstar).

Før sjølve filmen får du sjå kortfilmen Frostfeber  Norske stemmer

  

Sundag  19. april kl. 16.30  -  Lisjesalen

Tysdag  21. april kl. 18.00  -  Lisjesalen

 

 

 

03 - The Second Best Exotic A

The Second Best Marigold Hotel er den etterlengta oppfølgaren til den fargerike suksessen "The Best Exotic Marigold Hotel". Den sprudlande gjengen er framleis på hotellet, og får besøk av den amerikanske og mystiske hotellgjesten Guy (Richard Gere)

Siste gong:

Laurdag 18. april kl. 17.00 Lisjesalen

 

 

 

04 - Avengers.jpg

Marvel Studios presenterer "Avengers: Age of Ultron," den episke oppfølgjaren til den største superhelt-filmen gjennom tidene.

Noregspremiere onsdag 22. april kl. 19.00 (3D)

 

peer_du_lyver_plakat.jpg

Fartsfylt og leikent eventyr for barn, fritt etter Peer Gynt

- passar for barn frå 6 år



Kjære foreldre, besteforeldre og alle vaksne som har lyst til å ta med seg barn i teatret: Riksteatret omskriv nasjonalikonet Peer Gynt til eit fartsfylt og leikent eventyr med humor, men også djupt alvor. Med eit ungt og musikalsk ensemble blir musikken og dansen ein sentral del av framsyninga. Gled deg til å høyre Griegs musikk med ny beat!

 

 

Solistlag, Beethoven.jpg

Storsalen, Søndag 26. april kl. 17.00

Opera Nordfjord sitt operakor og Musikklinjekoret ved Firda vidaregåande skule har sidan i haust øvt på dei krevjande korstemmene til Symfoni nr. 9 av Beethoven. Dette siste, store meisterverket til Beethoven skal snart glede publikum i fylket. For første gong i historia skal ord og tonar frå «Ode til gleden» tolkast og formidlast av eit storkor på 100 songarar, 44 musikarar og 4 solistar.

Marta Nordheim.jpg

 

Kva tendensar ser vi i den nye, norske litteraturen? spør kulturjournalist og litteraturkritikar Marta Norheim.

Jazz ved Anton Proskurnin trio.

Festsalen laurdag 25.april, kl 19.30

 

04 - It Follows.jpg

IT FOLLOWS er ein av dei mest originale skrekkfilmane frå dei seinare åra. Det er ein smart variant av den klassiske ungdomsgrøssaren samstundes som den er vakkert fotografert og byggjer opp om den nervepirrande og skremmande opplevinga til siste slutt…

Noregspremiere

Fredag 17. april kl. 21.00   Lisjesalen

Sundag  19. april kl. 21.00  Lisjesalen

Tysdag  21. april  kl. 20.30  Lisjesalen

 

 

 

04 - The DUFF.jpg

Ein avgangselev på high school finn ut at ho er The DUFF (designated ugly fat friend) og byrjar undersøke det sosiale hierarkiet på skulen.

Framsyningar

Sundag  19. april kl. 18.55  Lisjesalen

03 - Annie A

Ein kjær musikal er attende for eit nytt publikum. Den populære musikalen "Annie" i ny, frisk drakt i fortellinga om barneheimsjenta Annie som aldri slutta å tru på morgondagen. Med Quvenzhane Wallis, Cameron Diaz, Rose Byrne og Jamie Foxx i hovudrollene.

Laurdag 11. april kl. 17.00 Storsalen

Sundag  12. april kl. 16.30 Lisjesalen

Vin Diesel og Dwayne Johnson er attende i tidenes råaste filmserie. Rydd vegen for Fast & Furious 7!

Framsyningar på Kino Førde

Tysdag 21. april kl. 19.00 - Storsalen 

03 - Asterix: Byplanleggeren

Til påske kjem ein ny spelefilm om Asterix og Obelix. Julius Cæsar avslører sin siste plan om å kvitte seg med Gallerane ein gong for alle.

 

 

Sundag 12. april kl. 16.00 Storsalen

Onsdag 15. april kl. 18.00 Storsalen

 

 

03 - Into the Woods A

Veteranen Ron Marshall har regissert "Into the Woods" som har Noregspremiere på Kino Førde fredag. I hovudrollene finn vi Anne Kendrick, Emiliy Blunt, Johnny Depp og sjølvaste Meryl Streep.

Framsyningar

2. påskedag - Måndag 6. april kl. 18.00  Lisjesalen

Torsdag 9. april kl. 18.30 Lisjesalen

Onsdag 15. april kl. 18.30 Lisjesalen

 

03 - Hjem A

 

Ei gruppe romvesen søkjer tilflukt frå fiendane deira ved å gøyme seg på jorda.Alle snakkar norsk.

  

Eventyret for heile familien har Noregspremiere

på Kino Førde Laurdag 21. mars kl. 17.00  i 3D - Lisjesalen

 

Måndag  6. april kl. 16.00  3D - Lisjesalen

 

 

 

 

 

Meget i sløyd

Laurdag 19. september kjem Øystein Sunde med bandet "Meget i Sløyd" til Førde. 

 

Fredagsdansen er eit ope tilbod til folk i  alle aldrar som likar å danse og å høyre på levande musikk.

Fredagsdansen held til i Festsalen i Førdehuset og  er ei alkoholfri tilstelling.

Vi held på frå kl.20.00 til 23.30 og inkludert i prisen på kr.150,- er det kaffe/te med noko attåt.

Dansekveldane for våren 2015 er: 16.januar, 20.februar, 20.mars og 24.april

Velkommen på fredagsdans i Førdehuset!

 

HER (PDF, 129 kB) finn du skjema for søknad om treningstider idrettshallen/symjehallen 2015/2016.

 

Søknadsfrist 1. mai 2015

I Førdehuset har vi trådlaust nettverk som du kan kople deg til. Nettet er tilgjengeleg i vrimlearealet og det du treng er pc'en din og mobiltelefonen for å få kjøpt tilgang og for å få passord tilsendt på SMS.

Tilbake

Kino- og kulturprogram for Førdehuset

  • Utskriftsvenleg versjon
Førdehuset (1)
Førde kommune - Kultur, postboks 338, 6802 Førde. Besøksadresse: Førdehuset, Angedalsvegen 5 kultur@forde.kommune.no
padlock