Sunnfjord kunstlag

Sunnfjord Kunstlag – Aktivitetar i Førdehuset hausten 2017:

Vestlandsutstillingen 2017 «Hvor har vi vært?»
Festsalen 2.september – 24.september
I år er Vestlandsutstillingen attende i Førdehuset, etter at Sogn og Fjordane Kunstmuseum nokre år har vore utstillingsarena.
Dette er den 95. Vestlandsutstillingen. Den er den juryert, med økologi og menneskeleg åtferd i naturen som eit gjennomgåande tema.
I utstillinga er 17 kunstnarar representerte med til saman 21 verk. Gjennom poetiske tilnærmingar, humoristiske tilsnitt og hypnotiserande installasjonar, konfronterer ulike kunstnarskap dei store miljøutfordringane som står framom oss.

Kvar har mennesket gått? Kva har vi etterlete oss?
Frå Sogn og Fjordane deltek to kunstnarar: Aud Marit Skarrebo Holmen og Karen Helga Maurstig.
Utstillinga er juryert av Heather Jones, Joakim Lund, Terese Longva og Astrid Wittersø.
Sist nemnde vil stå føre opning av utstillinga i Festsalen i Førdehuset laurdag 2.september kl. 13.00.
Utstillinga vert å sjå til og med 24.september.
***************
Minneutstilling for biletkunstnaren Nikolai Astrup Geelmuyden
Festsalen 14.oktober – 29.oktober
Laurdag 14.oktober opnar salsutstilling til minne om biletkunstnar Nikolai Astrup Geelmuyden, som døydde i 2015.
N.A. Geelmuyden vart fødd i Masfjorden i Nordhordland i 1931. Størstedelen av livet budde han på Austlandet. Han hadde likevel ei sterk tilknyting til Vestlandet, særleg då Hordaland, der han var fødd, og Sogn og Fjordane. I dette fylket budde han 6 år av ungdomstida si, nærare bestemt i Jølster. Her hadde han familiære røter. Ein kunne gjerne vente at det nære slektskapet til Nikolai Astrup, morfaren, ville føre med seg at Nikolai Astrup Geelmuyden sitt kunstnarskap skulle stå fram med sterk synleg påverknad frå denne. Så kan likevel ikkje seiast å vere tilfelle, om ein ser den kunstnariske produksjonen og utviklinga gjennom eit langt kunstnarliv. Med dette prosjektet ønskjer Sunnfjord Kunstlag, i samarbeid med enka Inger Geelmuyden, å kaste lys over Nikolai Astrup Geelmuyden sitt liv og virke og ein del av den kunstnariske produksjonen hans. I hovudsak vert det vist litografiar og silketrykk, men òg nokre linoarbeid.  
Utstillinga opnar 14.oktober kl. 14.00 og vert avslutta 29.oktober kl. 20.00
********************
Medlemsutstillinga til Sunnfjord Kunstlag
Utstillingssalen 30.11. – 10.12.
Den tradisjonsrike medlemsutstillinga til Sunnfjord Kunstlag vert å sjå i Utstillingssalen i år, som tidlegare.
Utstillinga, som er ei salsutstilling, opnar i år torsdag 30.november kl. 18.00. Siste høve til å sjå den vil vere sundag 10.desember.
***************