nett1.png
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 11 okt 19:00 Nordic Tenors - “Viva La Musica” 415 STORSALEN Konsert Kjøp billett

Nordic Tenors - “Viva La Musica”

Konserten "Viva la Musica" er ein hyllest til musikken og vil gi publikum ein kveld spekka med musikalske høgdepunkt og humor. Tårnarien, Nessun Dorma, Elvis og nyskriven musikk er nokon få eksempel på det du får høyre. «Viva la Musica» er eit spansk uttrykk og betyr «lenge leve musikken». Musikk har vore underhaldning og terapi for oss menneske gjennom tusenvis av år. Nordic Tenors sprudlar av song og musikkglede og erklærer sin kjærleik til dei vakre klassiske perlene frå operaens verden og til musikalske høgdepunkt frå pop- og visesjangeren. Deira nydelege stemmer har gitt mange gåsehud og uforgløymelege augneblikk. Dei sjarmerande tenorane har vunne publikum sine hjarter like mykje for sine humoristiske innslag som for sine flotte stemmer. Publikum kan derfor glede seg til både store musikalske opplevingar og herleg humor som vil gi lattermusklane god trim!

Nordic Tenors består av tenorene Roald Haarr, Sveinung Hølmebakk og Jan-Tore Saltnes. Dei har med seg sin eminente pianist Øystein Lund Olafsen. Gruppa har tidlegare vunne Komiprisen, vore kongelege toastmastere, åpna den nye operaen i Oslo og har vunne publikums hjarter over heile landet.

 

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
fr 11 okt 19:00 Nordic Tenors - “Viva La Musica” 415 STORSALEN Konsert Kjøp billett