Uten navn.png
DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 08 des 18:00 Messias av Georg Friederich Händel 390 Førde kyrkje Konsert Kjøp billett

Messias av Georg Friederich Händel

Førde kyrkje laurdag 08.12.2018 

 

Messias av Georg Friederich Händel


Sogndal Songlag og Førde kammerkor held fram med sin juletradisjon og framfører det storslåtte oratoriet "Messias" av Georg Friedrich Händel laurdag 8. desember i Førde kyrkje og søndag 9. desember i Stedje Kyrkje. Dirigent ved framføring er Asbjørn Flåm som også har innstudert verket med Førde kammerkor. Sogndal songlag har øvd inn verket under leiing av sin faste dirigent Bjørn Gisle Seter.
Händel komponerte Messias i 1741, i løpet av berre 24 dagar. Frå ca 1750 vart verket framført årleg i London til inntekt for ein barneheim. I moderne tid har Messias blitt eit av dei mest spelte kyrkjeverka i adventstida. Teksten er henta frå fleire bøker i bibelen og handlar om både Jesu fødsel, offer og trua på evig liv.
For begge kor er det viktig å kunne medverke til eit mangfald av musikk- og kulturliv som del av det samla kulturtilbodet i Sogn og Fjordane, og dei store kyrkjemusikalske verka er alltid ei glede å framføre. I år er det gjort nokre endringar blant solistane: Mari Askvik, med røter i Leikanger syng altstemma, medan Christine Marøy denne gongen er sopransolist. Eivind Kandal frå Kandal i Gloppen er tenor og Bjørn Gisle Seter, Sogndal, syng bass. Mari og Eivind er nye solistar ved våre større framføringar. Vi ser fram til å få presentere desse unge songarane for publikum i Førde og Sogndal.

 

 

DATO TID TITTEL PRIS SAL SENSUR KATEGORI BILLETT
lau 08 des 18:00 Messias av Georg Friederich Händel 390 Førde kyrkje Konsert Kjøp billett