Debatt med tema: Sogn og Fjordane: Tanken om bunadskoloni eller Vestlandsk paradis. Med dei profilerte skribentane Anne Viken og Georg Arnestad. Publikum får delta i debatten.
Pressemeldinga frå arrangørane:
SOGN OG FJORDANE: TANKEN OM BUNADSKOLONI ELLER VESTLANDSK PARADIS
Avgrensar kommune- og fylkesgrenser oss frå å vere kreative og nyskapande? Hindrar det tilflytting av akademikarar, kunstnarar og sosiale entreprenørar? Blir vi for ”lokale” slik at vi ikkje maktar å sjå sidevegs og opp på muligheiter vi har? Eller kan vi stole på at alle statistikkar om best trivsel og helse, låg arbeidsløyse, verdas flottaste reisemål, unik natur og uforskamma naturressursar rett utanfor stovedøra faktisk er sanne – likevel? Er ”sanninga” om Sogn og Fjordane avhengig av kva ”briller” du tek på deg – om du vel å vere utprega pessimist eller lykkeleg optimist?
Vi har invitert dei profilerte skribentane Anne Viken og Georg Arnestad til debatt om dette fredag 15 januar kl 19.00 på Kunstmuseet i Førde (på Prestebøen). Men dei får ikkje scena for seg sjølve – du kan òg delta i debatten.
Fenomenet Sogn og Fjordane er noko ”alle” har ei meining om. Skal vi bry oss om fråflytting, helsetenester, veg, bru og tunnel (eller mangel på slike), filmprosjekt, maktmenneske og bruk eller brenning av bunader i Oslo, eller skal vi berre vere nøgde med å bu landleg, ha kort avstand til arbeid, reprodusere, og skaffe midlar til det lokale korpset?
Om du kjem til Førde og Kunstmuseet fredag den 15 januar får du ikkje det endelege svaret på alle desse spørsmåla.. Men vi har eit mål om å vri og vrenge litt på dei ulike sanningane, og kanskje – om vi vrir ekstra til – så blir vi eit hakk klokare
Kom til Førde på Kunstmuseet fredag den 15 januar klokka 19. Etterpå går vi på ”Pikant” for å diskutere vidare
Har de spørsmål, så ta gjerne kontakt med
Hilde Iren Rivedal, hildeir@hotmail.com, tlf 934 28 681
Trond Ueland, trond.ueland@sfj.no, tlf 91337410
Samfunnviterne i Sogn og Fjordane
Dato
:
15.01.2010